Annonse

NTNU best på rekruttering av jenter

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Rekordmange jenter vil studere teknologi ved NTNU. Fleire menn søker seg til barnehagen. Men dei fleste vel tradisjonelt.

På sine eigne nettsider kallar NTNU det ein liten jenterevolusjon. Det har aldri vore så mange jenter som har ønska å ta mastergrad i teknologi ved universitetet som i år. 26,3 prosent av søkarane er jenter, det er ein auke på 12,8 samanlikna med året før. Også på den tradisjonelt svært så gutedominerte sivilingeniørutdanninga har talet på jenter auka dei siste åra.

Dronning Mauds Minne Høgskole (DMMH) som utdannar førskolelærarar, kan i år notere seg fleire mannlege søkarar enn nokon gong tidlegare. Heile 19,5 prosent av søkarane til høgskolen i år er gutar og menn. Aller flest mannlege søkarar er det til linja for natur- og friluftsliv, der så mange som 30 prosent av søkarane er menn.

– Vi har jobba med tematikken i fleire år og har sett ei jamn stigning i søkartala, seier Kari Emilsen, førstelektor ved DMMH og kontaktperson for rekrutteringstiltaket Menn i barnehagen.

Sjølv om enkelte studieretningar kan vise til oppsiktsvekkande endringar, viser tal frå Samordna Opptak at fordelinga mellom menn og kvinner på dei ulike studia er svært stabil. Bente Ringlund Bunæs som er dagleg leiar i Samordna Opptak, har sett på tala frå 1999 og fram til i år.

– Frå år til år er det små variasjonar. Kor mange prosent gutar og kor mange prosent jenter som søker seg til kva studium er svært føreseieleg frå år til år, seier Ringlund Bunæs.

Powered by Labrador CMS