Annonse

– Norske universitet kan læra av NTNUs talentsatsing

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

For to år sidan takka lingvisten Terje Lohndal ja til førsteamanuensisstilling ved NTNU og nei til postdoktorstilling ved UiO, skriv Uniforum.

– Eg har fått det endå betre enn eg våga å håpa på, seier den 28 år gamle førsteamanuensen i engelsk lingvistikk  til Uniforum.

I år blei den banebrytande forskinga hans i lingvistikk krona med Nils Klim-prisen som går til yngre, lovande forskarar i Norden.

– Det har ført til større merksemd rundt lingvistikken, og så har det sjølvsagt bringa litt ære til NTNU, seier Terje Lohndal. Han er full av lovord om korleis han blei tatt imot etter at han begynte som førsteamanuensis i lingvistikk ved NTNU.

– Eg fekk straks gode samarbeidsrelasjonar til dei forskarane eg kjende frå før. Men det aller mest positive var at eg også fekk eit nært og godt forskingssamarbeid med fleire som eg blei kjent med etter at eg kom hit. Heile tida har eg fått god støtte frå toppleiinga ved NTNU, fortel han til Uniforum.

Før han kom til NTNU, tok Terje Lohndal doktorgraden ved prestisjeuniversitetet University of Maryland i USA. Etter hans meining har universitetet det aller fremste fagmiljøet i den typen lingvistikk han har spesialisert seg på. I 2008 tok han bachelorgraden i lingvistikk ved UiO. Han bestemte seg tidleg for å ta doktorgrad.

Powered by Labrador CMS