Annonse

– Norske lærestader bør ta imot ungdom frå Sør-Europa

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Ungdom frå kriseråka land i Sør-Europa søkjer om opptak på høgare utdanning i Noreg. Og me bør ta imot dei, sa minister for høgare utdanning, Tora Aasland på Internasjonaliserings-konferansen i Universitetsaulaen ved Universitetet i Oslo på torsdag, melder Uniforum.

Det var finanskrisa i Europa statsråd Tora Aasland brukte som utgangspunkt for å snakka om internasjonalisering av høgare utdanning. Alle universiteta i Noreg og Senter for internasjonalisering av utdanning står i fellesskap bak Internasjonaliseringskonferansen i Oslo denne veka, og folk frå heile landet fylte opp Aulaen i formiddag. Aasland brukte utviklinga i Sør-Europa som eit bilete på korleis finanskrisa har råka samfunnet.

– I Spania er det over 50 prosent ungdomsarbeidsløyse. For Europa er det ein tragedie at me ikkje kan setja folk i arbeid og utvikla Europa vidare. Me ser enno ikkje alle konsekvensane av dette her i landet. Men finanskrisa i Europa vil også få fylgjer for Noreg, trudde Tora Aasland.Statsråden viste til at mange norske arbeidsplassar også var blitt lagde ned i løpet av dei siste månadane.

Overfor ein fullsett aula garanterte ho at all høgare utdanning i Noreg også i framtida skal vera gratis.

 

Powered by Labrador CMS