Annonse

Noregs beste hardingfelespelar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tidlegare student ved Musikkhøgskolen Gro Marie Svidal gjekk heilt til topps i hardingfelespel klasse A under Landskappleiken på Geilo søndag 29. juni, skriv Musikkhøgskolen på eigne nettsider

Det er første gong at Svidal står heilt på toppen av resultatlista.

Landskappleiken er landets eldste festival, og samlar årleg om lag 1000 spelemenn, dansarar og kvedarar frå heile landet til konkurranse.

Gro Marie Svidal gjekk ut frå Musikkhøgskolen i 2010 og ho skreiv masteroppgåva ”Ve’dunderlæ” om den munnlege kommentaren i hardingfelekonserten.

Powered by Labrador CMS