Annonse

NFR-millionar til forskingsutstyr

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskingsrådet har delt ut 100 millionar kroner til vitskapleg utstyr. UiB er i første omgang ikkje inne med eigne prosjekt, men er samarbeidspartner på eitt. Fleire UiB-miljø er inviterte vidare til andre runde, melder På Høyden.

400 millionar kroner skal delast ut av Noregs forskingsråd (NFR) gjennom infrastruktursatsinga i år. 10. mai vart det første vedtaket gjort, i kategorien for avansert vitskapleg utstyr. Søknadene som i denne omgang fekk tilsagn er søknader på utstyr under 30 millionar kroner. Søknader over 30 millionar kroner, såkalla storutstyr søknader, blir behandla i ein to-trinns prosess.

Sju søkjarar fekk innvilga søknaden, men ingen av desse har Universitetet i Bergen oppført som søkjarinstitusjon. Fleire UiB-prosjekt har derimot blitt inviterte vidare til andre runde. Eitt av desse er ”Norwegian Marine Robotics Facility – Remotely Operated Vehicle for Deep Marine Research”.

Powered by Labrador CMS