Annonse

Musea kan få meir pengar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Naturhistorisk museum får om lag sju millionar kroner i ekstra satsing, medan Kulturhistorisk museum får tre millionar kroner ekstra i den budsjettfordelinga som Universitetsstyret får på bordet på tysdag. Dermed er musea budsjettvinnarane, om forslaget blir vedtatt, melder Uniforum.

Universitetsdirektøren reknar med ei statsløyving til UiO på rundt 4,183 milliardar kroner i 2011.

Det blir lova at bygginga av eit læringssenter for realfagsstudentane skal setjast i gang i løpet av 2011. Til saman skal det kosta 65 millionar kroner. Tidlegare er det kome inn fire millionar kroner i ekstern støtte frå stiftinga Fritt Ord.

Les hele saken i Uniforum

Powered by Labrador CMS