Annonse

– Musea forskar for lite

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Norske museum kan lære av universitetsmusea, mener direktøren ved Vitenskapsmuseet. Han ønskjer meir samarbeid om forsking, melder Forskerforum.

– Universitetsmusea sit på kunnskap og erfaring som bør kome dei andre musea til nytte. Det er på tide å styrke kontakten mellom universitetsmusea og dei andre musea i Noreg, seier Axel Christophersen, direktør ved NTNU Vitenskapsmuseet.

Christophersen vart nyleg vald inn i styret i Norges museumsforbund, og er glødande oppteken av at fleire museum må satse på forsking.

– Universitetsmusea profilerer seg som kunnskapsproduserande museum. Men forsking og kunnskapsutvikling har dårlege vilkår ved dei fleste andre musea. Etter mitt syn må likevel all formidling ved musea vere forankra i ein forskingspraksis, seier han.

Les hele saken på forskerforum.no

Powered by Labrador CMS