Annonse

Motorvegen til universitet

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Om Høgskolen i Telemark blir ein del av Universitetet i Agder, slepp dei unna kvalitetskontrollen til Nokut, skriv Forskerforum.

– Å framstille Universitetet i Agder som ein tapar i ein fusjon med Høgskolen i Telemark, blir heilt feil. Det er underleg å påstå at når to høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar vurderer å slå seg saman, vil det føre til ei svekking, seier rektor Kristian Bogen ved Høgskolen i Telemark (HiT). Han viser til debatten om ein mogleg fusjon mellom HiT og Universitetet i Agder (UiA). Saka er no på høyring og skal avgjerast i juni.

Medan dei to rektorane er positive til fusjon, er motstanden sterk blant dei tilsette, særleg ved UiA.

Fleire har òg hevda at HiT ikkje held høg nok kvalitet. I førre nummer av Forskerforum peika Tom Roar Eikebrokk på det paradoksale i at regjeringa ikkje lenger vil gjere det mogleg å søke om å bli akkreditert som universitet på bakgrunn av kvalitetskrav, medan fusjonsvegen står open. Eikebrokk, som er førsteamanuensis ved UiA og varamedlem til styret i Forskerforbundet, meiner fusjon er ein snarveg til universitetsstatus. 

Powered by Labrador CMS