Annonse

Møter eldrebølgja med internasjonalt forskingsprosjekt

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit nytt og stort forskingsprosjekt skal samanlikne institusjonar i eldreomsorga i seks land. Målet er å forske på ”lovande praksisar” som kan betre tilhøva for bebuarane og dei tilsette ved sjukeheimar og andre institusjonar for sjuke og skrøpelige eldre, melder Høgskolen i Bergen.

Senter for omsorgsforskning Vest deltek i prosjektet og representerer Noreg i samarbeidet. Canada, Tyskland, USA, Storbritannia, Sverige og Noreg er med i prosjektet, som vert leia av forskarar ved York University i Toronto i Canada.

Forskarane skal setje søkelyset på finansiering, organisering, akkreditering og bemanning og samansetjing av kompetanse mellom dei tilsette i institusjonane.

Les mer på hib.no

Powered by Labrador CMS