Annonse

Mineraler samla på eitt kart

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

600 kjende førekomstar av industrimineral i Nord-Europa er sett saman og presentert på eitt og same kart av Norges geologiske undersøkelser.

Både nedlagde gruver, førekomstar i drift og moglege framtidige gruver er plotta på kartet.

- Eit nyttig hjelpemiddel for mellom anna leteselskap, styresmakter, planfolk og lærarar, seier forskar Håvard Gautneb ved Noregs geologiske undersøking (NGU). 

Han har sett saman dei 600 førekomstane av industrimineral frå Noreg, Sverige, Finland og Nordvest-Russland på det nye kartet, som er produsert i målestokk 1:2 000 000 av den finske geologiske undersøkinga GTK.

Powered by Labrador CMS