Annonse

Millionar til diabetesforsking

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Diabetes- og fedmeforsking ved Universitetet i Bergen er tildelt rundt 18 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC).

Forsking på diabetes og fedme ved Universitet i Bergen får dermed ei stor anerkjenning frå Det europeiske forskingsrådet. Professor og barnelege Pål Rasmus Njølstad ved UiB forskar på gener som kan vera assosierte med overvekt og diabetes.

Ved hjelp av Den norske mor og barn-undersøkelsen vil han gå djupare i forskinga. Undersøkjinga samlar biologisk materiale og spørjeskjemadata frå over 100.000 svangerskap.

Powered by Labrador CMS