Annonse
Her er prisvinnarane: Michaël Tatham, Cecilie Schou Andreassen, rektor Dag Rune Olsen og Martin A. Fernø feira tre Meltzerprisar på den årlege Meltzermiddagen 8. mars. (Foto: Thor Brødreskift)

Meltzerpris til to unge forskarar

Martin A. Fernø og Michaël Tatham vert begge skildra som banebrytande forskarar med internasjonalt gjennomslag.

8. mars fekk Martin A. Fernø og Michaël Tatham Meltzerprisen for unge forskarar. Begge er tidleg i trettiåra, men har alt klart å setja spor etter seg i norsk og internasjonal forsking.

Fernø trur at å lukkast som ung forskar krev at studentar vert involverte i vitskaplege nettverk, og at dei unge forskarane kan delta aktivt i forskinga, gjennom forskingsopphald hjå internasjonale samarbeidspartnerar og deltaking på internasjonale konferansar.

– Eg trur det å få ansvar i ung alder er avgjerande, då vil unge oppleva at rettleiarar og professorar satsar på dei, seier Fernø.

Powered by Labrador CMS