Annonse

Meir likestilling å gjere for same sum

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Stadig fleire universitet og høgskular har byrja å ta med etnisitet, funksjonsevne og seksuell orientering i likestillingsarbeidet. Men sjølv om likestillingsarbeidarane har fått meir å gjere, finst det ikkje naudsynleg meir pengar i potten.

Det såkalla ”utvida likestillingsomgrepet” har funne vegen inn i handlingsplanane, og målsettingane har auka i omfang. Samstundes er kjønnsbalansen og likestillinga ved norske universitet framleis ikkje noko å skryte av.

Universitetet i Bergen (UiB) er av lærestadene som har lagt det utvida likestillingsomgrepet til grunn for sin nyleg vedtekne handlingsplan for likestilling fram til 2015. Sjølv om likestillingskomiteen deira har fått ein god del meir å ta tak i, har dei ikkje fått nemneverdig meir pengar å rutte med.

– Eigentleg har vi ikkje fått særleg mykje meir no enn det vi har nytta på kjønnslikestilling kvart år dei seinaste åra. Rammene er ikkje auka korkje sentralt eller lokalt og det kan sjølvsagt føre til at det vil bli brukt litt mindre pengar på kjønnslikestilling enn før. Samstundes er det viktig å sjå at ikkje alle tiltaka i handlingsplanen kostar pengar, seier Anne Marit Skarsbø, likestillingsrådgivar ved UiB.

UiB sin likestillingskomité har fått 4,7 millionar kroner til generelt likestillingsarbeid i år, pluss 150 000 øyremerkte kroner frå departementet til å rekruttere  fleire personar med nedsett funksjonsevne. Ordninga kor fakulteta sjølv skal bidra til tiltak i eigne fagmiljø held fram som før.

Powered by Labrador CMS