Annonse

Meir danning i Bergen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kva ved mennesket er biologisk, og kva heng saman med kultur? Dette er eit spørsmål som skal heve danningsnivået blant studentar ved Universitetet i Bergen denne våren.

Som det første i Noreg har Universitetet i Bergen (UiB) starta opp såkalla danningstema. UiB har til formål å utvikle studentane si evne til å debattere og tenkje kritisk.

– Heile prosjektet er bygd opp rundt ideen om den informerte borgaren. Vi ønskjer å trene opp studentane til å ta på seg borgaransvar gjennom å tenkje kritisk og sjølvstendig rundt konkrete samfunnsspørsmål. Vi har invitert inn engasjerte forelesarar for å diskutere nokre overordna spørsmål. Ved å trekkje inn ulike fagtradisjonar får vi avdekt forskjellar og samsvar i oppfatningar og eventuelle reelle usemjer, seier forskar Kristine Bærøe, som har ansvar for å sy saman temapakkane.

Ho fortel at interessa for desse tema har vore gledeleg, både blant studentar og tilsette.

Les heile saka i Bladet Forskning

Bilde: Danningsutvalet – her ved Anders Lindseth (f.v.), Odd Einar Dørum, Inga Bostad, Lars Løvlie og Bernt Hagtvet – har fått i gang ein debatt om korleis ein kan få inn danningsperspektivet i høgare utdanning. ( Foto: Jon-Are Berg-Jacobsen)
 

Powered by Labrador CMS