Annonse

Med ernæring og menneskerettar på timeplanen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne månaden har 10 studentar frå Afrika og Noreg deltatt på verdas første masterkurs i ernæring og menneskerettar ved Universitetet i Oslo. Studentane er til dagleg tilsette i helseinstitusjonar og tar kurset som ein del av ein mastergrad, melder Uniforum.

Verdas første masterkurs i ernæring og menneskerettar går denne månaden føre seg på Universitetet i Oslo. Studentane er helsearbeidarar frå Sør-Afrika, Zimbabwe, Uganda og Noreg. Formålet er at dei skal ta med seg meir kunnskap om at retten til mat også er ein viktig menneskerett, sjølv om mange av desse landa lir under matmangel, medan dei eigentleg kunne vore Afrikas kornkammer.

Alle studentane oppheld seg først halvannan månad i Noreg, deretter halvannan månad i Noreg, før dei avsluttar studiet med halvannan månad i Uganda. Målet er at alle studentar skal sjå sambandet mellom ernæring, menneskerettar og styring.

Powered by Labrador CMS