Annonse

Lovar Noregs beste klimafestival på Blindern

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– UiO skal skapa Noregs beste klimafestival 21. mai. Den skal få ordentleg fart på klimadebatten igjen, forteller prosjektleiar Espen Røsbak i UiO:200 til Uniforum.

Det blir avspark for den aller første idéfestivalen i regi av Universitetet i Oslo laurdag den 21. mai. Då ynskjer jubileumssekretariatet UiO:200 alle interesserte til Blindern der det skal vera over 50 ulike arrangement om klima frå klokka 12.00 -17.00. Dagen blir runda av med den første semifinalen i Forskar-Grand Prix i Chateau Neuf ,klokka 18.00.

– På denne festivalen vil ikkje alle lika alt, men alle vil finna noko dei er interesserte i, trur prosjektleiar Espen Røsbak. Han er viss på at klimafestivalen vil skapa ny fart i miljø- og klimadebatten i Noreg. – Ja, det er eg heilt overtydd om. Denne dagen vil me prøva å diskutera ulike perspektiv på klimadebatten. Både politikk, økonomi og juridiske problemstillingar blir tatt opp.

– Diskusjonen om Noreg er godt nok førebudd å gjera naudsynte tiltak for å takla klimaendringar, vil me også ta opp. Det ser framleis ut som om mange ikkje oppfattar alvoret i det som skjer på klimaområdet, synest han.

Powered by Labrador CMS