Annonse

Legestudentar lærer pasientbehandling frå første dag

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Legestudentar skal læra kva som er god og kva som er dårleg pasientbehandling frå første studiedag gjennom eigenproduserte videosnuttar. Det blir ein viktig del av den nye studiemodellen på medisin ved UiO, skriv Uniforum.

Videosnuttane skal vise korleis ein lege skal kommunisera best mogleg med ein pasient frå den aller første konsultasjonen. Bak produksjonen står Seksjon for medisinsk informatikk og medisinprofessor Arnstein Finset, som underviser i medisinske åtferdsfag.

– Dei to videopptaka skal visa dei ferske legestudentane kva som er ein god måte og kva som er ein dårleg måte å møta ein pasient på. I den nye studiemodellen på medisinstudiet blir dette noko av det første dei lærer, seier Finset.

Powered by Labrador CMS