Annonse

Lærarutdanninga: – Reform for sentrale strok

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskular i distrikta strevar med å kapre studentar til lærarutdanninga. Studentane vil ikkje til barneskulen, melder Forskerforum.

– Der er ingen tvil om at den nye todelte grunnskulelærarutdanninga passar best for sentrale strok, seier rektor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda.

I fjor vart grunnskuleutdanninga delt i to utdanningsløp, eitt for klassesteg 1–7 og eitt for 5–10. Amdam seier det ikkje er reforma i seg sjølv som er problemet, men at altfor få vil bli lærarar.

– Talet på søkjarar er så lågt at det skapar vanskar for økonomien, og når vi ikkje kan samkjøre undervisninga ved dei to utdanningane, er det ei utfordring å kunne gje studentane eit breitt nok fagtilbod. Samtidig har Møre og Romsdal behov for 300 nye lærarar i året, og halvparten av dei treng vi i barneskulen. Men studentane vil ikkje dit. Om det ikkje raskt blir fleire søkjarar til dette løpet, vil vi gå mot ei radikal nedlegging av småskular i distrikta på grunn av lærarmangel, meiner rektoren.

 

Powered by Labrador CMS