Annonse

Kvinner mindre sitert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kvinnelege forskarar blir mindre sitert enn sine mannlege kollegaer, viser ny forsking frå Nifu.

– Hovudfunnet vårt er at kvinner blir mindre siterte, men forskjellane mellom kvinnelege og mannlege forskarar er ikkje store. Forklåringa på at menn blir mest sitert er at mannlege forskarar er meir produktive, seier Gunnar Sivertsen, forskar ved Nifu, og ein av fire forskarar bak undersøkinga som er publisert i den ferskaste utgåva av tidsskriftet Journal of the American Society for Information Science and Technology (JASIST).

Forskarane frå Nifu har gjort ein makrostudie som inkluderer 8500 norske forskarar og 37 698 forskingsartiklar frå 1981 til 2009. I desse artiklane er det meir enn 300 000 siteringar.

Forskarar som har sett på kjønnsbalansen i forskingsverda har påvist at det er færre kvinner jo høgare opp ein kjem i forskingshierarkiet. Når kvinner er så underrepresenterte i dei mest prestisjetunge akademiske stillingane, skulle ein tru at det også ville påverke talet på siteringar. Men akkurat her har Nifu-forskarane gjort eit funn som er eigna til å overraske.

– Vi fann ut at det var lågare siteringshyppigheit hos professorar enn postdoktorar, så det ser ikkje ut til å vere nokon samanheng mellom talet på siteringar og det at det er fleire menn enn kvinner som har professorstillingar, seier Sivertsen.

Forskarane forklarar dette funnet med at mykje av den mest banebrytande og oppsiktsvekkande forskinga blir gjort av unge forskarar, og at ei lita gruppe med svært nyskapande forskarar drar opp talet for siteringar for postdoktorar.

Powered by Labrador CMS