Annonse

Kvinner i BALANSE

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Rektorane ved norske universitet og høgskolar helsar Forskingsrådet si nye kvinnesatsing velkomen.

Forskingsrådet si nye satsing på rekruttering av kvinner til toppstillingar og forskingsleiing har fått namnet BALANSE. Etter planen skal prosjektet gå over sju år, frå 2012-2018, og ha eit oppstartsbudsjett på 20 millionar kroner.

Ole Petter Ottersen (bildet), rektor ved Universitetet i Oslo, er fornøgd med satsinga:
– Institusjonar og fagmiljø kan ha ulike utfordringar når det gjeld arbeidet med å skape betre kjønnsbalanse, men i tillegg til det arbeidet som alt er i gang, er det viktig at ei så sentral verksemd som Forskingsrådet grip tak i dei felles utfordringane som er i sektoren og legg føringar som kan gi ei sterkare og meir konsekvent integrering av likestillingsdimensjonen i høgare utdanning. Forskingsrådet står for ein stor del av finansieringa av forskinga og er difor eit viktig aktør som har stor påverknadskraft overfor fagmiljøa i dette arbeidet, seier Ottersen.

Kari Melby, prorektor ved NTNU, synest at stipendordninga er ein svært god idé:
– Det er eit faktum at overgangen frå rekrutteringsstilling til fast vitskapleg stilling er vanskelegare for kvinner enn for menn. Ei stipendordning kan vere eit rett verkemiddel. Det er også veldig vitig å auke kunnskapsgrunnlaget for ei likestillingsorientert forskingsleiing, meiner Melby.

Også Sissel Østberg, som er rektor ved Høgskolen i Oslo, meiner dette er eit godt initiativ. Ho understrekar at for Høgskolen i Oslo sin del hadde det vore ønskeleg med stipend også før postdoktorat-nivå for å stimulere mastergrads- og doktorgradsstudentar på fag der det er få kvinner.

Rektor Eli Bergsvik ved Høgskolen i Bergen seier at Forskingsrådet sitt initiativ gir inspirasjon til å arbeide vidare. Ho har også eit forslag til den nye satsinga:
– I Forskingsrådet sin strategi for internasjonalisering må institusjonane vise til internasjonalt samarbeid. Det kunne ha vore ein god idé at institusjonane også må kunne vise til at begge kjønn er representerte når dei set ned forskingsgrupper. Slik kan også kvinner kvalifisere seg til å bli forskingsleiarar, seier Bergsvik.

Powered by Labrador CMS