Annonse

Kva er den gode sjukeheimen?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kva skapar ein god sjukeheim? Den aldrande befolkninga i Noreg stiller aukande krav til kommunane om å byggje og drive sjukeheimar for dei skrøpelegaste eldre. Styresmaktene ønskjer seg nyskapande løysingar som legg vekt på helsefremjande arkitektur og design og gode samarbeidsmodellar for dei som styrer. Kan forskinga fortelje oss kva som gjev den beste sjukeheimen?

I eit nytt prosjekt skal NOVA prøve å identifisere kva fysiske og organisatoriske føresetnader som må liggje til grunn for at både brukarar og tilsette skal ha det best mogleg på sjukeheimen.

Forskingsrådet har ytt 4,5 millionar til det treårige forskingsprosjektet «Contested spaces. Exploring how policy and practice shape Norwegian nursing homes» leidd av forskingsleiar Mia Vabø ved NOVA. Senter for omsorgsforsking Vest ved Høgskulen i Bergen deltek òg i prosjektet. Forskarane vil studere sjukeheimane både sett frå toppnivå og ned og frå grunnivå og opp.

– Vi vil sjå på korleis og i kor stor grad nyskapande idear blir hindra eller støtta når dei møter eit komplekst styringssystem med fleire nivå og fleire fagekspertar involvert, seier Vabø. – Korleis gjer samtidige sjukeheimsideal seg til kjenne i nyskapande byggeprosjekt og styringsmodellar, og korleis blir gode idear forhandla, tilpassa og endra når dei skal nyttast i daglegdags praksis?

Forskargruppa deltek i eit nettverk av forskarar som jobbar med liknande studiar i andre land. Ein viktig del av målsettinga med dette internasjonale forskarnettverket er å samanlikne politikk og praksis på tvers av landegrenser.

Powered by Labrador CMS