Annonse

Kulturdepartementet krev klare svar frå UiO om språksamlingane

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kulturdepartementet stiller spørsmål ved om UiO har rett til å avvikla språksamlingane, skriv Uniforum.

Pengar til  drift av samlingane  ligg allereie i grunnløyvinga til universitetet, meiner departementet. UiO må svara innan 15. juni.

Det var rett før påske instituttleiar Kristian Emil Kristoffersen gjorde det klart at Institutt for lingvistiske og nordiske studium ikkje kunne ta på seg det økonomiske ansvaret for språksamlingane ved UiO. Det var konklusjonen hans etter at rapporten frå ei arbeidsgruppe konstaterte at samlingane ved ILN har verdi både for forsking og undervisning for universitetet, men at det vil krevja store ressursar i form av tilsette og driftsmidlar å vidareutvikla og drifta samlingane.

Instituttleiaren slo fast at dette er ressursar instituttet i dag ikkje har. Grunngjevinga hans var at språksamlingane heller ikkje fell inn under dei sentrale oppgåvene til eit universitet, som er forsking, utdanning og formidling. Det er grunnlaget hans for å konkludera med at det er vanskeleg å sjå korleis instituttet kan ta vare på og vidareutvikla samlingane i framtida.

Powered by Labrador CMS