Kronikk: Bør uttaket av trevirke frå norsk skog aukast?
Vi treng aktiv skjøtsel og bruk av skogen sitt potensial for vekst, - med vekt på oppbygging av skogen sitt karbonlager framfor ein for stor auke i uttaket av brensel, skriv Hans Goksøyr, Bjart Holtsmark, Olav Norem og Trygve Refsdal i svaret på kritikken dei har fått.
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
I ein kronikk på forskning.no 20. mars la vi fram nokre reknestykke, bygd på tal frå rapporten Klimakur. Vi kom fram til at ein storskala auke i uttaket av trevirke frå norsk skog, for å bruka dette til energiproduksjon, mest truleg vil føre til ein netto auke i norske CO2-utslepp i mange tiår framover, ikkje ein nedgang slik rapporten konkluderer.
Forskarane Birger Solberg, Hanne K. Sjølie, Even Bergseng (alle ved Norsk institutt for naturforvaltning, INA), og Rasmus Astrup (Norsk institutt for skog og landskap) ga oss eit svar her på forskning.no 29. mars.
Dei skreiv at vi stilte eit ”ledende spørsmål”, ”svartmalte”, og presenterte ”fasitsvar” for å nevne noe av ordbruken dei valde. Vi har ikkje tenkt å følgje opp denne debattformen.
Men fordi disse forskarane ikkje kan ha oppfatta kva som var problemstillinga vår, gjentek vi det fyrst. I Klimakur heiter det at det er ”nødvendig å øke avvirkningen [frå norsk skog] fra dagens nivå på 10 millioner m3 i året.”
Klimakur teiknar så to ulike scenarier, eit for auka uttak til 13 og eit for auka uttak til 15 millionar m3 per år. I berekningane av verknaden av dette legg Klimakur til grunn at heile auken i uttatt trevirke vert brukt til brensel. Dette forslaget i Klimakur var utgangspunktet vårt.
Dette må sjåast i samanhang med at regjeringa i ulike dokument òg har gitt uttrykk for eit ynskje om å stimulera til ein sterk auke i uttaket av trevirke frå norsk skog til same formål. Samtidig finn vi ynskje om å satse på storstilt produksjon av andre generasjons biodrivstoff basert på norsk trevirke.
Dynamisk skog
Alt dette bygger på ei tanke om at bruk av skog som brensel er ”CO2-nøytralt”. Dette kunne vera rett om norsk skog også var CO2-nøytral. Men norske skogar er dynamiske, og står i dag for ei netto binding og lagring på om lag 25 millionar tonn CO2 per år.
Også i fleire tiår framover kan dei fungera som viktige karbonsluk, ved netto binding av CO2 ved fotosyntesen og auke i skogen sitt karbonlager. Dette er direkte og effektive prosessar som kan ha fleire ganger større effekt på CO2-innhaldet i atmosfæren enn substitusjonseffekten vi får når bioenergi erstattar fossilt brensel.
For å oppnå dette treng vi aktiv skjøtsel og bruk av skogen sitt potensial for vekst, - med vekt på oppbygging av skogen sitt karbonlager framfor ein for stor auke i uttaket av brensel i dei fyrste tiåra. Våre tal tyder på at dette er beste vegen å gå dersom vi ynskjer å dempa CO2-veksten i atmosfæren.
For oss er det også eit viktig utgangspunkt at i norske offentlege utgreiingar er bioenergi grundig omtala, medan omtalen av karbonlagringa i norsk skog er ufullstendig og stundom misvisande, som i rapporten frå Lavutslippsutvalget.
Lagring neglisjert, auka uttak verdsett
Det er og viktig at i Kyoto-avtalen, som har vore eit viktig utgangspunkt for utarbeidinga av rapporten Klimakur 2020, er den viktige lagringa i skog neglisjert, medan auka uttak, til eksempel av bioenergi, vert høgt verdsett. For dagens norske skog er avtalen difor irrasjonell, med fare for feilprioritering. Om karbonlagringa hadde vore inkludert i Kyoto-avtalen på ein korrekt måte, ville truleg forsking og studiar på dette feltet blitt langt høgare prioritert.
Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk svara oss i Klassekampen 27. mars og skreiv blant anna at ”Vi må sørge for at fotosyntesen hjelper oss å binde mest mulig CO2 i trevirke.” Dette er ei viktig sak vi alle bør vera samde i. Landbruksministeren skriv også at auka hogst for å nytta dette til bioenergi vil gje ein høg langsiktig reduksjon i CO2-utsleppa.
Vi meiner at om ikkje hogstauken er for stor, kan dette vere rett sett i eit svært langsiktig perspektiv, men i eit 40-50 års perspektiv og truleg lenger, vil hogstauke gje ein auke i netto CO2-utslepp. Grunnen til dette er at vi i denne perioden då ikkje fullt ut vil utnytte den norske skogen sitt viktige potensial for oppbygging av eit auka karbonlager.
Ein politikk meir retta mot å byggja opp virkesrike skogar vil byggja opp viktige ressursar for framtida, og vil gradvis gje eit betre grunnlag for auka hogst. Svaret frå Landbruksministeren er starten på eit konstruktivt ordskifte om det spørsmålet vi har reist.
Vil meir hogst dempa CO2-veksten?
Vi er meir forundra over svaret frå dei fire forskarane Hanne Sjølie, Even Bergseng, Birger Solberg og Kåre Hobbelstad ved Institutt for naturforvaltning (INA) ved UMB (Klassekampen 26. mars). Dei innleier med å skriva at ”Hvis samfunnet vil gå over fra fossil energi til skogbasert bioenergi krever det at tømmerhogsten økes.”
Annonse
Dette er feil utgangspunkt. Samfunnet ynskjer å dempa CO2-veksten i atmosfæren. Meir bioenergi har aldri vore noko mål i seg sjølv. Og spørsmålet er om meir hogst vil dempa CO2-veksten. Men det spørsmålet svarer dessverre ikkje UMB-forskarane på.
Det er også forunderleg når forskarane frå UMB kritiserer oss for at vi baserer oss på usikre berekningar. Visst er tala usikre. Men vi byggjer på tala i Klimakur. Og Klimakur utgjer eit sentralt dokument når det no skal takast politiske avgjerder med langsiktige verknader. Om tala seier Klimakur: ”Framskrivninger av skogens utvikling og framtidige opptak av CO2 fram mot 2100 er derfor basert på data fra Norsk institutt for skog og landskap (Astrup m. fl. 2010)”.
Klimakur peikar og på at INA har vore ein viktig bidragsytar i prosessen. Meiner forskarane ved INA Institutt for skog og landskap at deira eigne tal er så usikre at dei ikkje kan nyttast?
Dei 50 fyrste kritiske åra
Vidare kritiserar dei oss for at vi stoppa våre berekningar i 2060. Vi valde å stoppe reknestykket i 2060, av di mange meiner at dei fyrste 50 åra er kritiske i ein klimasamanhang, jamfør diskusjonen om eit mogle tipping point, og av di tala for denne perioden er sikrare enn for dei neste 40 åra.
Også for desse neste 40 åra viser Klimakur auka netto utslepp av CO2 med auka hogst, men mindre enn i åra før, slik ein kan venta. Vi har diskutert å bruka desse tala, men synest at eit rekneskap for perioden 2060-2100 er for usikkert.
Dei skriv også vi ser bort frå at ”mer hogst gjør [at] vi får ung skog i vekst i stedet for gammel skog med lav vekst”. Selvsagt er dette med i vårt regnestykke. Problemet er at forskarane her tek med taps- og vinningskonto, men gløymer kapitalkontoen, det vil si skogens karbonlager, som blir redusert gjennom auka hogst.
Forskarane frå UMB avsluttar med å seie at vi ”nok” har rekna riktig. Viss dei likevel meiner konklusjonen vår er feil, vil det vere interessant å sjå deira reknestykke. Eller er dei, etter nærare ettertanke, einige med oss?