Annonse

Kristin Halvorsen:– Barnehagereforma var også ei næringsreform

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Barnehagereforma var også ei næringsreform. For full barnehagedekning gjorde at både mor og far var tilgjengelege som arbeidskraft. Slik forsvarte kunnskapsminister Kristin Halvorsen regjeringa si satsing på barnehageutbygging overfor forskings-Noreg, skriver Uniforum.

Det var på onsdag kunnskapsminister Kristin Halvorsen for første gong møtte eit samla forskings-Noreg. Det skjedde på ein innspelkonferanse i Oslo om den komande forskingsmeldinga.

Kristin Halvorsen gjekk offensivt ut og ville gjerne slå tilbake mot dei som meinte at den store barnehageutbygginga gjekk ut over investeringar til mellom anna forsking og høgare utdanning.

– Eg veit at det er mange i denne salen som sit med fordommar mot den sterke satsinga på barnehagar. Det var smart å auka investeringa i barnehagar frå 10 til 30 milliardar kroner i dei åra me gjennomførte barnehageutbygginga. På den måten kunne foreldra bli frigjorde og vera tilgjengelege som arbeidskraft både i næringslivet og i det offentlege, peika ho på.

Powered by Labrador CMS