Annonse

Krev svar fra UiB om ph.d.-fjusk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Sivilombodsmannen stiller ei rekke spørsmål til UiB om handsaminga av saka der ein ph.d.-student blei utvist av programmet og blei nekta å levere avhandlinga si etter å ha sitert to kjelder for dårleg. Dette melder På Høyden.

Ph.d.-kandidaten leverte inn avhandlinga si i november 2010, men ho blei underkjent på grunn av manglande sitering. Kandidaten har tidlegare sagt til På Høyden at det var snakk om 3-4 sider i innleiinga som var mangelfullt sitert.

Sivilombodsmannen spør mellom anna om UiB har rettsleg grunnlag til å kaste studenten ut av programmet, og korfor UiB ikkje følgjer framgangsmåte i Universitetslova når det gjeld klaging på vedtak.

UiB må og svare på korfor andre doktorandar har fått levere omarbeidd avhandling når dei har blitt underkjende på grunn av manglande eller feil sitatbruk. Universitetsstyret, som er leia av rektor Sigmund Grønmo, må svare Sivilombodsmannen innan fredag 17. august.

Powered by Labrador CMS