Annonse
Tarjei Sveinsgjerd Hveem ved Oslo universitetssykehus. (Foto: UiO)

Betre metode for vurdering av sjukdomsrisiko

Med aukande levealder i befolkninga auker óg førekomsten av kreft. For å finne best mogleg behandling for pasienten er patologivurderinga sentral og gir viktig informasjon om sannsynleg prognose.

Det er likevel eit stort behov for tilleggsverktøy for å betre estimere risikoen for om sjukdomen er aggressiv. 7. februar forsvarer Tarjei Sveinsgjerd Hveem sin avhandling Prognostic value of large scale genomic instability by image cytometry in selected malignancies and a premalignant condition.

Veiledere er Håvard E. Danielsen, Fritz Albregtsen and Knut Liestøl. Kandidaten er til dagleg ansatt ved Institutt for kreftdiagnostikk og informatikk (ICGI) ved Oslo universitetssykehus.

Hveem har sett på samanhengen mellom DNA-organisering i kreftceller og korleis det har gått med kreftpasienten.

Kandidaten har brukt lysmikroskopi og statistiske metodar til å studere DNA-organisering i kreftceller og vist at det er ein samanheng mellom unormal DNA-organisering og prognosen til pasienten. Arbeidet validerer tidlegare observasjonar, implementerer endringar for å gjera metoden meir robust og finn nytteverdien meir presist enn i tidlegare arbeid. Avhandlinga viser at unormal DNA-organisering er ein god metode for å risikogruppere pasientar med prostatakreft, gynekologiske krefttypar, tjukk- og endetarmskreft og forstadier til spiserørskreft.

I tillegg kan metoden relativt enkelt implementerast i klinisk verksemd.

I arbeidet har han vist at pasientar med unormal DNA-organisering oftare har ei dårleg prognose og at dette verktøyet kan ha nytteverdi for å finne rett behandling.

Powered by Labrador CMS