Annonse

Kollektivtransport dankar ut bilen på UiO

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

70 prosent av alle tilsette og studentar reiser til UiO med kollektivtransport. 23 prosent av dei tilsette og 5 prosent av studentane brukar bil. Det er likevel dei som går eller syklar som er mest nøgde med arbeidsreisa, skriv Uniforum.

Det viktigaste vilkåret studentar og tilsette på UiO set til det transportmiddelet dei vel, er at det må gå raskt. Om lag halvparten av bilistane på UiO ynskjer å reisa meir kollektivt, men då må dei sleppa å byta, få kortare reisetid og takstane må bli lågare.

T-bana er det mest populære kollektivtilbodet blant studentar og tilsette på UiO. Heile 55 prosent av studentane og 40 prosent av dei tilsette reiser fram og tilbake med T-bana. Deretter fylgjer buss og trikk. Berre 10 prosent av dei tilsette og 9 prosent av studentane tar toget.

14 prosent av studentane og dei tilsette syklar eller går, og dei er mest tilfredse med arbeidsreisa.

Powered by Labrador CMS