Annonse

København-rektor frikjend i Penkowa-sak

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Rektor Ralf Hemmingsen (bilde) ved Københavns Universitet kan førebels pusta letta ut. Sakene om den bedrageridømde hjerneforskaren Milena Penkowa får ingen konsekvensar for han, slår universitetsstyret fast, melder det danske nyhendebyrået Ritzau i dag.

Det er ein 700 sider lang rapport frå den danske statens advokat, Kammeradvokaten, som styret har brukt som bakgrunnsmateriale for å konkludera med at det ikkje er grunn til å koma med alvorleg kritikk av rektor Ralf Hemmingsen ved Københavns Universitet.

Verken tilsetjinga av Penkowa eller innstillinga av henne til den prestisjefylte EliteForskprisen i 2009, er grunnar gode nok til å kritisera universitetsrektoren, meiner universitetsstyret. Ingen gjorde alvorlege feil, er konklusjonen i rapporten, ifylgje Universitetsavisen ved Københavns Universitet.

Powered by Labrador CMS