Annonse

Klimaforskinga og tusenkroners-spørsmålet

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Bergen har eit av verdas leiande klimaforskingsmiljø arbeidande i eigen bakgard. Men klarer næringslivet i byen og regionen å utnytte dette på ein god måte? Tysdag heldt Bergen Næringsråd frukostmøte for å diskutere kva Bergen og Vestlandet skal leve av når oljen og gassen tek slutt. Dette skriv På Høyden

– Det er eit svik mot samfunnet å ikkje ta tak i den forskinga som vert gjort og sette henne ut i verda, seier Anders Haugland i Bergen Teknologioverføring (BTO). Kvifor skal det vere så vanskeleg å flytte klimaforsking ut i næringslivet?

Audun Lysbakken, partileiar i SV, gjesta også heimbyen Bergen for å delta på arrangementet.

– Vestlandet er motoren i olje-utvinninga. Men vi må også klare å verte motoren for omstillinga som må komme. Vi må vere best og vi må vere framsynte, sa Audun Lysbakken.

Powered by Labrador CMS