Annonse

Kinesiske studentar får undervisning i menneskerettar av UiO

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

To nye studentar frå Kina kjem til UiO til hausten for å ta eit masterkurs i menneskerettar. Det stadfestar Cecilie Figenschou Bakke som leier Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar (SMR) til Uniforum.

Også i Kina held samarbeidet fram.

Det er ein avtale mellom Det juridiske fakultetet ved UiO og Renmin University Law School i Kina, som gjer dette mogleg.

Dei to studentane kjem til UiO til hausten for å bli utvekslingsstudentar på masterprogrammet «Theory and Practice of Human Rights» på Norsk senter for menneskerettar. Cecilie Figenschou Bakke er leiar for Kinaprogrammet ved Norsk senter for menneskerettar, og stadfestar at avtalen blei underskriven i Beijing i april.

Men at kinesiske studentar kjem til SMR er ikkje noko nytt.

Førsteamanuensis Maria Lundberg ved Norsk senter for menneskerettar peikar på at gjennom NORADs kvoteprogram har det kome kinesiske studentar til senteret sidan 1999. Mange arbeider i dag med menneskerettar i Kina. 

Bakke og Lundberg stadfestar også at ein del av menneskerettssamarbeidet mellom Kina og Noreg held fram, trass i at det ikkje har vore kontakt på høgt politisk nivå mellom dei to landa etter at den kinesiske menneskerettsaktivisten Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010.

Powered by Labrador CMS