Annonse

Kavliprisane til USA og Tyskland

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kavliprisane i astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap for 2012 gjekk til seks amerikanske og ein tysk forskar, skriver Uniform. Heile fire av prisvinnarane er kvinner.  – Gledeleg, synest kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kavliprisen i astrofysikk er delt i tre mellom dei amerikanske forskarane David Jewitt  ved University of California i Los Angeles,  Jane X.  Luu,  Massachusetts Institute of Technology, og Michael E. Brown frå California Institute of Technology.

Dei får prisen for å ha oppdaga og skildra Kuiperbeltet og dei største delane av dette beltet, som ligg utanfor Neptuns bane i solsystemet vårt.  Dei er sett saman av is og kometane kjem derifrå. Denne forskinga har ført til store framsteg i forståinga vår av historia til planetsystemet vårt.

Powered by Labrador CMS