Annonse

Kallar unge forskarar til handling

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Eg vonar de kjem til å reise heim att med kjensla av å dele ein felles, global visjon – og kanskje med eit ønske om å vere sosiale entreprenørar, sa viserektor for utdanning, Kuvvet Atakan, då han opna årets Bergen Summer Research School, melder På Høyden.

Tysdag morgon gjekk startskotet for den fjerde internasjonale sommarskulen i Bergen. Primus motor Kjersti Fløttum understreka at dei vel 70 deltakarane, med sine ulike bakgrunnar, sjølve representerer årets tema, som er normer, verdiar, språk og kultur

 

Professor Asuncion St. Clair heldt opningsforelesinga, som handla om akademia si rolle i løysinga av dei globale utfordringane som sommarskulen tek opp. Ho meiner at ein må vere opne for å endre akademiske tradisjonar i møte med utfordringar som krev praktisk handling.

 

Powered by Labrador CMS