Annonse

Kalkforsking kan gi milliardar

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit nytt forskingsprosjekt på samanhengen mellom kalk og vannkjemi skal meir olje ut av den norske sokkelen.

Det er Universitetet i Stavanger (UiS) og forskingsinstituttet IRIS som saman har fått godkjend eit forskingsprosjekt til 20 millionar kroner gjennom Forskingsrådet.

– Vi skal forsøkje å frigjere olje som sit limt fast på kalkstein under havbotnen, seier fyrsteamanuensis Merete Vadla Madland ved Universitetet i Stavanger.

Saman med Aksel Hiorth ved IRIS byggjer ho vidare på eit tradisjonelt sterkt forskingsmiljø innan kalkforsking ved UiS. Dei har allereie hatt suksess med eitt slikt prosjekt, og no har Forskingsrådet gitt grønt lys til å fortsetje arbeidet med auka styrke.

– At vi lukkast igjen, er eit prov på at det vi driv på med held høgt internasjonalt nivå. Med dette prosjektet vil vi kome enda nærare å gi industrien nye løysingar for auka oljeutvinning, seier Aksel Hiorth.

Mykje av olja i Nordsjøen ligg i kalksteinsreservoar. Operatørane sprøyter inn vatn for å erstatte olja som kjem ut, men kva slags vatn ein brukar påverkar kor mykje olje ein får opp. Både trykk, temperatur og mengda salt i vatnet har noko å seie. Det er dette UiS og IRIS, i samarbeid med Cornell University i USA, forskar på.

Auka utvinning av eksisterande oljeressursar er særs interessant, både for industrien og samfunnet som heilskap. Sjølv ei lita auke i utvinningsgrad vil kunne gi milliardar av kroner i ekstra inntekter for oljeselskapa og den norske staten. Både ConocoPhillips og BP har sagt seg interesserte i å støtte prosjektet økonomisk. Arbeidet skal gå over tre og eit halvt år og vil føre til at to stillingar blir lyste ut. Ein postdoc og ein ph.d.-stilling skal knytast til prosjektet.

Det er Petromaks som tildeler Forskingsrådet sine pengar til petroleumsretta forsking. I utlysingsrunden denne hausten delte dei ut 200 millionar kroner. UiS og IRIS var blant 28 av 100 søkjarar som slapp gjennom nålauget.

– Vår styrke er at vi er ei gruppe forskarar med ulik bakgrunn, som liker å arbeide saman. Det gjer at vi dekkjer eit mykje større fagområde enn vi ville gjort kvar for oss, seier fyrsteamanuensis Merete Vadla Madland.

Aksel Hiorth er einig. Han meiner det oppstår store synergieffektar når fagfolk innan fysikk, geokjemi, bergmekanikk og matematikk slår seg saman. Eksperimentell forsking og matematisk modellering gir til saman spanande nye forskingsfunn.

– Eit sentralt tema i dette prosjektet blir å utvikle matematiske modellar som kan gi kunnskap om korleis metodar for injeksjon av vatn vil fungere i stor skala, seier Hiorth.

Powered by Labrador CMS