Annonse

Jordskjelvforskarar kan bli tiltalte for drap

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I den italienske byen L’Aquila kan ei gruppe jordskjelvforskarar bli tiltalte for drap, melder På Høyden. Aktor meiner dei burde ha forutsett skjelvet og varsla innbyggjarane.

6. april 2009: Eit jordskjelv på 6,3 på Richters skala rysta sentrale delar av Italia. Verst gjekk det ut over middelalderbyen L’Aquila. Byen fekk store materielle skader. Bygningar raste saman og jamvel delar av sjukehuset kollapsa. Statsminister Silvio Berlusconi erklærte nasjonal unntakstilstand og reiste straks til det katastroferåka området. Nærare 300 menneske døde denne vårdagen.

No kan den nasjonale jordskjelvkomiteen bli tiltalt for drap. Aktor i L’Aquila meiner at dei burde ha forutsett og varsla om jordskjelvet som kosta så mange liv.

Seismologiprofessor Kuvvet Atakan ved Universitetet i Bergen meiner at denne saka er det ytterste eksempel på kva som kan skje når forskarar ikkje klarer å kommunisere usikkerheit.

Les hele saken På Høyden

Powered by Labrador CMS