Annonse

John Torrence Tate tok imot Abelprisen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Matematikkprofessor John Torrence Tate (85) frå University of Texas i Austin fekk i går utdelt Abelprisen av kong Harald i Gamle Logen, melder Uniforum. Tate får prisen på seks millionar kroner for arbeidet sitt med talteorien.

Talteorien strekkjer seg frå primtala sine mysterium til måten me lagrar, overfører og sikrar informasjon på i moderne datamaskiner. Gjennom det siste hundreåret har den vakse til å bli ein av dei mest raffinerte og høgast utvikla greinene i matematikken, i eit samspel med andre sentrale område.

Abelkomiteen seier dette om arbeidet hans: «Mange av hovedretningene innen algebraisk tallteori og aritmetisk geometri eksisterer i dag bare takket være John Tates skarpsindige bidrag og lysende innsikt. John Tate har satt et sterkt og varig preg på moderne matematikk».

Abelprisen er blitt delt ut kvart år sidan 2003.

Les forskning.nos intervju med Tate.

Bildet: Matematikkprofessor John Torrence Tate viser fram Abelprisen 2010 etter at han har fått den utdelt av kong Harald i Gamle Logen. (Foto: Ola Sæther)

Powered by Labrador CMS