Annonse

Innfører kjørereglar for sosiale medium

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Oslo har no laga ein Ver varsam-plakat og ei rettleiing for god og fornuftig bruk av sosiale medium, medler Uniforum. – Grunnen er at ein del er usikre på kva reglar som gjeld, seier kommunikasjonsdirektør Siv Nordrum.

Universitetet i Oslo har denne vinteren tatt i bruk både Facebook og You Tube for å rekruttera nye studentar. Rekrutteringskampanjen er berre synleg på dei sosiale media, og synest ikkje på trikken eller på T-bana slik som tidlegare år. Men UiO har også tatt i bruk Twitter, medan UiO-rektor Ole Petter Ottersen har starta eigen blogg.

– Mange av oss er innvandrarar i dei nye sosiale media, medan ungdommen har vore der ganske lenge. Når me tar i bruk desse sosiale media i UiOs regi, er det viktig at me har ein del kjørereglar. seier kommunikasjonsdirektør Siv Nordrum.

Powered by Labrador CMS