Annonse

Ingen felles plan mot fjusk

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Europeiske universitet står utan felles system for korleis plagiering og fjusk skal oppdagast og straffast. Dermed vert rettferd umogleg, seier forskar Irene Glendinning til På Høyden.

Irene Glendinning er forskar ved universitetet i Coventry. Ho har leia det EU-finansierte prosjektet «Impact of policies for plagiarism in higher education across Europe».

I studien såg forskarane på kva mekanismar dei ulike institusjonane har for å avdekke juks. Her vart også svar frå 5000 studentar, undervisarar og administrativt tilsette samanfatta.

Studien viste at ikkje i noko land i EU finst det eit felles system for å oppdage juks, fjusk og plagiering på bachelor- og masternivå.

Powered by Labrador CMS