Annonse

Inga Bostad: – Eit steg i rett retning

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Finansminister Sigbjørn Johnsen gir Universitetet i Oslo ei samla løyving på rundt 4,3 milliardar kroner i regjeringas budsjettforslag for 2011. Det inkluderer 210 nye studieplassar og 45 millionar kroner til fase 2 av oppussinga av sentrumsbygningane, melder Uniforum.

– Forslaget til statsbudsjett for 2011 inneber relativt sett null vekst til heile universitets- og høgskulesektoren, konstaterer prorektor Inga Bostad.

– Det er ingen synlege krafttak for forsking og forskingsbasert undervisning i dette budsjettforslaget. Rett nok får me ikkje redusert handlingsrommet vårt, men visjonane manglar, synest prorektor Inga Bostad etter å ha studert budsjettdokumenta inngåande i Stortingets vandrehall frå klokka ti i formiddag.

Regjeringa har også foreslått at det skal setjast av 60 millionar kroner til frie prosjektmidlar.

– Det er me nøgde med. Samtidig ser me at regjeringa ynskjer å satsa på utdanningsforsking og polarforsking, seier Bostad.

Prorektoren ved Universitetet i Oslo synest også det er bra at Stoltenberg-regjeringa foreslår ei løyving på 280 millionar kroner til vitskapleg utstyr for heile universitets- og høgskulesektoren.

Les hele artikkelen på uniforum.uio.no

Powered by Labrador CMS