Annonse

Holbergprisen til Kocka

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den tyske historikaren Jürgen Kocka vert tildelt Holbergprisen 2011, melder Universitetet i Bergen.

I dag kl. 10 vart det kjent at årets Holbergpris går til historikaren Jürgen Kocka. Kocka er professor ved Humboldt Universitet i Berlin og har engasjert seg i debattar om konstruksjonar av minne og historia si politiske rolle.

I grunngjevinga frå Holbergprisen sin fagkomité vert Kocka omtalt som ein av dei mest innverknadsrike historikarar som er verksame i dag.

”Jürgen Kocka er ein framragande historikar som på avgjerande vis medverka til eit paradigmeskifte i tysk historiografi ved å opne for beslekta samfunnsvitskaplege fag og ved å etablere tydinga av ei transnasjonal, komparativ tilnærming. Hans historieforsking representerer ein monumental innsats når det gjeld europeisk borgarskap, arbeidsliv og bedriftsorganisering, ved at han undersøkjer dei mangfaldige sider ved sosial stratifisering og den konstant pågåande endring i sjølve arbeidet” (…).

Powered by Labrador CMS