Annonse

Heidra med pris for årets publikasjon

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskar Aivo Lepland er heidra med prisen for Årets publikasjon ved NGU. Artikkelen tar for seg to milliardar år gamle fosformineral i urgamle fosforrike bergartar, skriv NGU.

Fosforittane finst i sedimentære avleiringar saman med svartskifer og kalkstein. I borekjerner frå desse avleiringane har forfattarane funne fossiliserte bakteriematter med spor etter fosfatomdanna mikroorganismer danna ved utfelling av fosformineral på havbotnen.

NGU skriv at artikkelen set søkelyset på fundamentale prosessar på jorda. Lepland er den første på ei liste med i alt 15 forfattarar frå institusjonar i fleire land.

Powered by Labrador CMS