Annonse
Mathias Stølen Ugelvik, Sara Calabrese og Frida Solstorm har forska på lakselus, lukka oppdrettsanlegg og vasstrøm i oppdrettsanlegg. (Foto: Colourbox)

Ny forsking på berekraftig lakseoppdrett

Tre nye doktorgrader ved UiB presenterer forsking som kan bidra til å løyse utfordringar i oppdrettsnæringa.

Norske oppdrettsanlegg produserer over 1,3 millionar tonn laks kvart år, men næringa slit med miljøutfordringar som rømming av laks og lakselus.

Tre forskarar knytta til Universitetet i Bergen har nyleg disputert med doktorgradsprosjekt som kan bidra til eit berekraftig lakseoppdrett. Blant dei er Mathias Stølen Ugelvik, som har forska på lakselus.

– I oppdrettsanlegg lever lakselusa under andre forhold enn ute i naturen. Her har lusa stor tilgang på laks ho kan feste seg på, og ho lever kortare på grunn av bruk av kjemikaliar og slakting av laksen. Me ville finne ut om dette fører til evolusjonære endringar hos lakselusa, mellom anna til varige endringar i korleis lakselus reproduserer seg, seier Ugelvik.

Powered by Labrador CMS