Annonse

Grenseforsking for 68 millionar kroner

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Korleis oppfattar me grenser, og korleis har omgrepa våre om grenser utvikla seg i Europa etter Berlinmurens fall i 1989? Dette skal forskarar i Tromsø vera med å finne ut i det store samarbeidsprosjektet EUBORDERSCAPES, finansiert innanfor EUs 7. rammeprogram, melder UiT.

- Målet er å utforske korleis nye omgrep om grenser fungerer innanfor politikk og samfunnsliv. Det unike med dette prosjektet er at samfunnsvitarar av ulike slag arbeider saman med forskarar innanfor humanoria, fortel ein av tromsøforskarane, litteraturvitar Johan Schimanski.

Saman med Stephen Wolfe frå engelsk litteraturvitskap og Holger Pötzsch frå dokumentasjonsvitskap var han nyleg i Berlin kor prosjektet hadde sitt første arbeidsseminar.

-  Det blir veldig interessant å forske saman med historikarane og samfunnsvitarane. Me må forstå kvarandre, og å både jobbe med kjelder og tekstanalyse samstundes er spennande og utfordrande, seier Schimanski.

- Men me hadde eit svært godt oppstartsmøte og vart kjende med dei me skal samarbeide med i de neste fire åra. Fin stad å ha møtet også; i eit lite hotell i Kreuzberg, rett ved der Berlinmuren ein gong gjekk.

Powered by Labrador CMS