Annonse

Grafikkpris til MedViz i Bergen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

MedViz i Bergen mottok på måndag ein anerkjent pris for eit nytt ultralydprosjekt, skriv Helse Bergen i ein pressemelding. Ideen til prosjekt dukka opp under ei vanleg ultralydundersøking på Haukeland.

MedViz er eit samarbeid mellom Helse Bergen, Christian Michelsen Research og Universitetet i Bergen. Formålet er å utvikle eit forskningsmiljø av høg kvalitet innan medisinsk bildeanalyse og visualisering. Prisen er gitt av European Association of Computergraphics og blei delt ut i Girona i Spania.

Prosjektet som fekk prisen er leia av professor Ivan Viola som har vore  tilsett som førsteamanuensis ved Institutt for Informatikk ved UiB. Æra deler han med kolleger frå Haukeland universitetssjukehus og Christian Michelsen Research.

Powered by Labrador CMS