Annonse
Frå venstre: Sylvie Pollmann, forskar i Nextera, Gøril Berntzen, seniorforskar, og Geir Åge Løset, forskingssjef og gründer, ser på resultata frå eit fag-dislay-forsøk Pollmann held på med. (Foto: UiO/Geir Holm)

God samfunnsøkonomi i betre behandling av betennelsessjukdomar

Forskar Geir Åge Løset starta firmaet Nextera basert på eiga forsking ved UiO. 

Han meiner innovasjon er ein mental tilstand som må inn heilt frå studiestart. Nextera sin banebrytande teknologi gjer det lettare å utvikle nye, målretta legemiddel med færre biverknader til behandling av kroniske betennelsar og autoimmune sjukdomar og vil ha store samfunnsøkonomiske gevinstar.

I bioteknologifirmaet Nextera forskar dei på kroniske betennelsar og autoimmune sjukdomar. I begge tilfelle går kroppen til angrep på eigne celler og vev. Leddgikt (revmatoid artritt), diabetes, multippel sklerose (MS), narkolepsi og Chrons sjukdom er eksempel på slike sjukdomar. Målet til Nextera er å finne ut kva det er som set i gang og driv desse sjukdomane, for deretter å lage målretta behandling.

Powered by Labrador CMS