Annonse
Her er eit utsnitt av det nye europeiske kartet over kritiske mineral i Europa. (Kart: NGU)

Nytt kart over kritiske mineral i Europa

Eit nytt europeisk kart viser førekomstar av kritiske mineral i verdsdelen. Kartet syner at Noreg har reservar av både beryllium, kobolt, fosfor, grafitt og sjeldne jordartsmineral.

Norden er rekna for å vere blant dei mest lovande områda i Europa når det gjeld framtidige funn av metall og industrimineral. Europa brukar 30 prosent av verdas mineral, men produserar berre tre prosent.

Europas industri og økonomi står og fell med ein sikker og god tilgang på mange råvarer. EU har definert ei rad mineral som kritiske og strategisk viktige for mange industriområde, ikkje minst innanfor grøn teknologi.

– Kartet er viktig for å dokumentere utbreiinga av viktige mineral, som vi kjem til å ha stort framtidig behov for, seier leiar Henrik Schiellerup ved Laget for mineralressursar ved Noregs geologiske undersøking (NGU)

Powered by Labrador CMS