Annonse

Vil forklare vandrande steinar

Kva får steinane i Racetrack Playa til å bevege seg? NASA-praktikantar har tilbrakt sommaren i Death Valley for å avdekke årsaken bak det underlege fenomenet.

Publisert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Steinar som vandrar er eit fenomen som er kjent frå fleire stader i California og Nevada. Steinane etterlet seg lange halar av spor som vist på biletet her. Forskarar er ikkje sikre på forklaringa bak fenomenet, men det er verken dyr, tyngdekraft eller jordskjelv inne i biletet her. (Foto: NASA/GSFC/Cynthia Cheung)

I samarbeid med:


 

Denne artikkelen er produsert av NRK.

I det paddeflate og tørre landskapet i Racetrack Playa i Death Valley, USA, synast det som om steinar er levande.

Små og store steinar vandrar av garde, tilsynelatande heilt av seg sjølv, og etterlet seg virvar av spor i den tørre bakken.

Nokre steinar er einsame vandrarar, medan andre ser ut til å vandre saman to og to, så synkroniserte at spora etter dei ser ut til å vere danna av dekka på ein bil.

Fenomenet har vore kjent i lang tid, også frå liknande stader, og har blitt utforska av vitskapsfolk sidan 1940-talet.

___________________

Les hele saken på NRK.no 

Powered by Labrador CMS