Annonse

«Fysikk på roterommet» er blitt utstilling

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Før fjernsynet kom til Noreg, dreiv parhestane Helmut Ormestad (1913-1993) og Otto Øgrim (1913-2006) folkeopplysning på radio. Då fjernsynet kom, var dei dei første som formidla kunnskap om forsking. No er programmet «Fysikk på roterommet» blitt til utstilling i Realfagsbiblioteket på Blindern, skriv Uniforum.

Fysikkprofessorane er plasserte midt i utstillinga som pappdokker i naturleg storleik. Samtidig kan dei som besøkjer utstillinga, sjå programma deira gå kontinuerleg både på ein storskjerm og på eitt av dei mange fjernsynsapparata frå 1970-talet.

Rekonstruksjonen av roterommet er ei markering av at det i år er 100 år sidan dei to fysikkprofessorane blei fødde.

Powered by Labrador CMS