Annonse
Johanne Yttri Dahl kan vinne pris for årets tidsskriftartikkel. (Foto: Politihøgskolen)

Johanne Yttri Dahl nominert til pris for årets tidsskriftartikkel

Johanne Yttri Dahl frå PHS er nominert til «Årets tidsskriftsartikkel» hjå Universitetsforlaget.

Artikkelen «En god og en dårlig nyhet – om DNAs effekt på oppklaringsprosenten i vinningssaker» har ho skrive i samarbeid med Heidi Mork Lomell.

Universitetsforlaget er utgjevar av 50 tidsskrift. Redaksjonar og forfattarar gjer ein formidabel innsats for at lesarar i Norden og resten av verda skal få tilgong til ny og godt formidla kunnskap. For å gjere ære på dette arbeidet delar Universitetsforlaget kvart år ut hedarsprisen «Årets tidsskriftartikkel». Forfattaren av vinnarartikkelen mottek 25 000 krone.

Artikkelen til Johanne Yttri Dahl og Heidi Mork Lomell er publisert i tidsskriftet Nordisk politiforskning.

Powered by Labrador CMS