Annonse
Professor Katrine Vellesen Løken ved Institutt for økonomi får Nils Klim-prisen 2017. (Foto: Thor Brødreskift Opphavsrett: UiB)

Vil finne ut korleis straff påverkar offer i kriminalsaker

Torsdag 8. juni tok Katrine Vellesen Løken, imot Nils Klim-prisen. Under årets Nils Klim-samtale De sosiale kostnadene ved bruk av fengsel, innleidde Katrine Løken med eit foredrag om konsekvensane av fengsling i ein norsk kontekst.

Løken leiar ei forskargruppe som har sett på korleis innsette klarar seg i tida etter fengselsopphaldet, om dei gjer nye kriminelle handlingar og i kva grad dei har komme tilbake inn i arbeidslivet. 

Forskargruppa held på å avslutte eit prosjekt der dei undersøker konsekvensar av fengsling for familie, barn og nettverk rundt den kriminelle. Mellom anna om barn av fedre som sit i fengsel har større risiko for å sjølv utføre kriminelle handlingar.

No ønsker Løken å sjå på konsekvensar av fengsel for offer i kriminalsaker, for å finne ut korleis offeret blir påverka av straffeutmålinga gjerningspersonen får.

– Det finst veldig få studiar på dette. Me ønsker å sjå på offeret i perioden før og etter kriminalsaka, for å finne ut kva konsekvensar det har å bli utsett for ei kriminell handling, korleis det går på arbeidsmarknaden og korleis det påverkar helsa deira.

Powered by Labrador CMS