Annonse

Forskarmyten skal til pers

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Årets Forskingsdagar handlar mellom anna om forskarane sine verktøy og om formidlinga av desse. Reagensrør, kvite frakkar og lange foredrag?  Nei, superdatamaskiner, nanoteknologi og Forskar-Grand Prix.

24. september opna forskingsminister Tora Aasland Forskingsdagane 2010 på Festplassen i Bergen. Det var innleiinga til ti dagar med minst 1000 ulike arrangement over heile landet. For å nå målgruppene har mange av arrangementa fjerna seg langt frå forskarane si tradisjonelle presentasjonsform – foredraget. Store og små får oppleve demonstrasjonar, foredrag, utstillingar og debattar, omvisningar og torg-, kultur- og interaktive evenement. Dei aller fleste er gratis.

Verktøy for forskinga
Med Verktøy for forskinga som årets overordna tema vil Forskingsdagane leggje til rette for to ting:

For det første er det ei samlande overbygning for festivalen som alle fagmiljø og alle typar institusjonar og organisasjonar kan relatere seg til.

For det andre vil det vere å setje søkelyset på den nasjonale satsinga på infrastruktur.

Forskingsresultata og all anna formidling er ikkje mindre viktig i år, men temaet opnar i tillegg for å fortelje morosame og spennande historier om heile forskinga sitt vesen, som til dømes verktøy brukt til ein ting, som viser seg å vere nyttig for noko heilt anna, eller utradisjonelle samarbeid på tvers av fag.

Les heile saka på forskingsradet.no

 

Powered by Labrador CMS